Veloppdragne kvinner skapar sjeldan historie

Av Aud Farstad

Tonje Gjevjon er ein norsk helt og pioner. Som så mange andre kvinnelege heltar frå Åsta Hansteen til Shabana Rehman, er ho ikkje «passeleg». Kvinnelege pionerar gjer upassande ting. Det er noko galt med kleda deira, med utsjånaden, med språket, med røysta, oppførselen eller seksuell legning. Lista er uendeleg. Når LO-leiar Yngve Hågensen snytte seg i fingrane på talarstolen vart han liksom endå meir proletar. Eg skulle sett den kvinna som ville kome unna med noko slikt!

Nei, kvinner skal skamme seg og dei skal gå og vaske munnen sin om dei seier noko andre finn upassande. Diverre er det òg kvinner som finn det opportunt å kritisere andre kvinner for slikt. Vi er sjølve så vane med å passe på, vere veloppdragne, inkluderande og ikkje støytande, at vi òg overfører den indre politikvinna til andre kvinner.

Tenk om vi kunne stå saman med Gjevjon i hennar kamp for oss alle og for lesbiske kvinner spesielt, ei gruppe som akkurat no under ekstremt press. Som Shabana Rehman kjempa for å få vere eit fritt individ, ikkje representant for ei etnisk gruppe eller ein religion, kjempar Tonje Gjevjon for å få lov å vere ei lesbisk kvinne og få leve livet sitt i fred utan at hennar seksualitet og kjønn vert «definert» bort av menn. Når lesbiske vert kalla «seksuelle rasistar» frå eigen organisasjon Stonewall i Storbritannia (tilsvarande Fri i Noreg) når dei ikkje vil «date» menn som vil innbille oss at dei er kvinner og lesbiske, då er det ikkje ordvalet til våre medsøstrer vi skal gå laus på.

Gjevjon har gått i front i denne striden og har tapt svært mykje. Ho treng solidaritet frå andre kvinner. Eg er heilt på line med Gjevjon når ho ikkje trur på trans som ei legning. Eg trur heller ikkje det er noko ein er fødd med. Og eg vil, som henne, ikkje finne meg i at menn med fetisjar skal ta opp kvinners rom korkje i språket eller i det fysiske rom. Menn kan ikkje bli kvinner og kvinner ikkje menn uansett kva Trettebergstuen og andre «inkluderande feministar» og menn med autogynefili måtte innbille seg eller tvinge på oss andre. Historikaren Laurel Thatcher Ulrich har skrive ei bok som heiter «Well-behaved women seldom make history». Gjevjon gjer det. Det er eg, og mange med meg, glade for.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *