Anne Kalvigs appell på Støttemarkering for Tonje Gjevjon og kvinners ytringsfrihet 13.01.23

I fjor sto me her til støtte for Christina Ellingsen som var under politietterforsking for å ha ytra at menn ikkje kan vera kvinner, lesbiske eller mødrer – i år står me her til støtte for Tonje Gjevjon, som nå er i same situasjon! 

Ellingsen si sak endte med henlegging, sidan politiet etter 8 månader fann ut at ho som politisk organisert kvinnesakskvinne hadde uttalt seg som politisk organisert kvinnesakskvinne, og dei fann ut at det ennå ikkje er forbode. Forutan belastninga dette har vore for Ellingsen, er etterforskinga ein hån for alle kvinner. Og kva med dei som ikkje er talskvinner og organiserte – kva er grensene for deira ytringsfridom, når dei uttalar seg om verkelegheita og sett grenser og stiller krav? Ingen kvinner skal underleggast tvungen tanke og tvungen tale!

Gjevjon har stått i denne kampen lenger enn dei fleste. Ho har stått oppreist mot ei demonisering utan sidestykke, ho har vore tru mot si evne til å tenka, analysera, vera samfunnskritisk kunstnar og ikkje minst som vaksen lesbisk som roper ut når unge lesbiske blir fortelt at dei som maskuline jenter er fødde i feil kropp, bør skjæra av seg bryst og disassosiera seg frå sin friske kvinnekropp! Dette er verdas eldste konverteringsterapi, dette er gammalt kvinnehat. 

Som lesbisk har Gjevjon eit minoritetsvern i hatparagrafen, og etterforskinga av hennar facebookmelding med basis i hatparagrafen blir derfor ei framvising av den logiske floken, den kognitive kollapsen, som kjønnsidentitetsideologi er på alle felt og nivå!

Når staten og privilegerte grupper i samfunnet forlangar samanfall mellom førestillingar og realitetar, då blir konflikt og kollaps resultatet. I Norge har me inntil nyleg lagt vinn på å skilja det sekulære og det trusbaserte domenet, fordi trusfriheit er grunnleggande, ingen skal tvingast til tru, og avgjerder som gjeld alle, skal ha sin basis i realitetar og solid kunnskap, ikkje i mentale og metafysiske førestillingar eller pseudovitskap.

Fordi kjønn er eit område der høva til inntening er enorme, og fordi kvinners rettar som kjønn alltid er salderingspost, har vikeplikt og er eit ferniss, eit tynt dekke over eit ulmande kvinnehat, har me nå fått utslettinga av kvinne som reell kategori med krav på vern, til fordel for ein mannleg fantasi med større krav på vern. Dette har blitt ein global suksess! Menn er kvinner viss dei tar på seg lebestift, medan usikre, gjerne lesbiske, unge jenter bed om å få kutta av seg brysta!

Den ideologiske einsrettinga og den manglande opne, opplyste samtalen om dette fenomenet, viser at demokratiet vårt er sårbart! Me har ikkje beredskap, viser det seg, til å stå i mot ei rørsle som krev at kropp og sinn skal skiljast. Personlegheit er blitt til kjønn, sjel er blitt til kjønn, følelsar er blitt til kjønn.

Alt dette er indre kategoriar me har lang erfaring med som kultur, følelsar, personlegheit og identitet er del av psykologien, sjel har vanlegvis vore del av religionen og filosofien. Men dette er ikkje kjønn, kjønn er ein biologisk mekanisme for reproduksjon, og nettopp reproduksjon er hovudårsaka til at kvinner har vore og er undertrykte på utallige vis på tvers av tid og rom.

Å gje nye namn til kjende område av menneskelivet, gjer to ting: det underkjenner den tenking, sansing og erfaring som eksisterande kunnskap med gode grunnar bygger på, og det tar i frå oss høve til å samtala meiningsfullt om urett, behov og rettar. Nytale er eit effektiv våpen i makthavarane sine hender.

Samfunnet reagerer med å truga med fengselsstraff når Christina og Tonje minner om desse inntil i går innlysande kjensgjerningane! For samfunnet tåler ikkje kvinner som sett grenser og seier i frå! Menn, derimot, kan utvikla drapsspel med WDI sin logo, der kvinnesakskvinner som oss skal slaktast, og med mål om å tena pengar på sal av dette frådande kvinnehatet. Og når me anmelder dette som den voldstrusselen det er, blir saka henlagt etter ei veke! Samanlikna med 8 månader etterforsking og 9 timar avhøyr av Christina! For ein hån! For ein ringeakt for kvinner! 

Politietterforskingane og det nye lovverket viser korleis samfunnet, etatane og institusjonane fortel kvinner at me er ingenting verd, ein fantasti, ein fetisj, ein idé, eit ubehag, er meir verd enn oss. Men me veit at dette ikkje er sant. Alle har krav på eit liv fritt frå vold og undertrykking. Alle har krav på forsvarleg helsehjelp. Kvinner har rett til å seia nei til å bli omgjort til ein stereotypi og fantasi som kan kles av og på. Me kan ikkje identifisera oss ut av undertrykking. Det me kan, og vil fortsetta å gjera, er å kjempa, seia i frå, forlanga handling frå politikarane, la «kjønna identitet» vera ein del av trusfridommen og ropa «Nei til tvungen tanke og tale, ja til kvinners kjønnsbaserte rettar».

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *