Lovverk om kjønn må visa til faktiske storleikar

Av Anne Kalvig

Terje Flisen har ved to høve i Morgenbladet i juli kritisert meg og mitt faglege og politiske virke på feltet kjønn. Korrekt folkeopplysning er viktig, og Flisens påstandar kan ikkje stå uimotsagte. Eg takkar samstundes for Runar Bakkens kloke kronikk om emnet i Morgenbladet 17. juli.

Flisen har gjeve gode sitat frå meg stor plass, men samanhengen han sett dei inn i – og saksforhold og hendingar han utelet – dannar eit forteikna og fordummande bilete av kva som står på spel. I det følgjande viser eg korleis norsk lov nå held oss alle for narr, korleis lova om endring av juridisk kjønn og påfølgjande kjønnsidentitetslover blei innførte, og konsekvensar her. Dei katastrofale og irreversible resultata av forvirring og medikalisering av barn og unge gjennom den transaktivistiske agendaen, må bli tema for ein annan kronikk.

Emokrati
Kjensler er lite relevante som basis for samfunnets felles lover. Me lever i eit demokrati, eit folkestyre, ikkje eit emokrati, eit kjenslestyre. Men viktige delar av lovverket er faktisk oppgjevne som demokratisk funderte lover med faktaorientering og konsekvensutgreiingar som basis, til å bli nettopp kjenslelover, innførte i skuggen av andre, meir tilforlatelege lover. Emokratisk funderte lover er eit stort demokratisk tap, skaper uløyselege konfliktar og følgjefeil, og er såleis uakseptabelt.

Norsk lov på området kjønn har degenerert frå å vera lover som tok utgangspunkt i det kjønn er, ein objektiv storleik, til lover som sentrerer subjektive trusoppfatningar og private kjensler om kjønn. Ein fyr som «føler» at han er kvinne, «er» nå fullt ut kvinne, operert kropp eller ei. Kjensler er elles eit privat domene som staten ikkje skal overvaka og registrera. Til samanlikning registrerer ikkje staten om du er homofil eller kva tru du har.

Personnummerkjønn er nå kjenslekjønn, og for at kjensler skal ha ytterlegare vern, innfører staten kjønnsnøytrale nummer frå 2030, med ekstrakostnad på 340 millionar.

Lobbyverksemd og lovendring
Lov om endring av juridisk kjønn blei hasta igjennom, utan grundig forarbeid og heilt utan konsekvensutgreiing, med ei høyring som utelet fleirtalet av dei berørte (kvinner), det heile halde under radaren og innført samstundes som Kyrkjemøtet sa ja til likekjønna ekteskap.

Taktiske grep her er dokumentert i den internasjonale, «skeive» organisasjonen Iglyo, i deira lobbyverksemdmanual. Foreningen Fris Skeiv ungdom er medlemmar i Iglyo. Norge blir trekt fram som land med «best practice» kva gjeld å få igjennom «skeivt» lovverk utan at offentlegheita skjønner kva som foregår. Nasjonal lovgjeving er tett knyta opp til Fri og transaktivistiske miljø si internasjonale lobbyverksemd, som har endra definisjonen på kjønnsdysfori og kva behandling som skal gjelda i internasjonale organ, der me også finn koplingar til sadistiske nettforum.

Motsette meiningsinnhald
Konsekvensane av kjønnsendringslova er at rettar for kvinner som kjønnsklasse er utraderte. Når kategorien kvinne også tyder mann, er kjønnsklassen oppløyst. Ein kategori eller definisjon kan ikkje visa til to motsette ting i same forhold eller relasjon (logikkens kontradiksjonsprinsipp). Lova er såleis logisk ulovleg. Ei aktuell sak som sett dette i sitt rette, grelle lys, og som Flisen totalt utelet, er den pågåande politietterforskinga av WDI-leiar Christina Ellingsen.

Ein rådgjevar i Foreningen Fri som «identifiserer seg» som lesbisk kvinne og mor, har levert inn all offentleg debatt han som transaktivist har hatt med Ellingsen som kvinneaktivist, i tidsrommet sidan «kjønnsidentitet» og «kjønnsuttrykk», men ikkje kjønn, blei del av hatparagrafen (§ 185). Han føyde dessutan til Ellingsens høyringsfråsegn og seinare deltaking i Debatten på NRK (ettersendt; han deltok etter politimeldinga, og verken han eller NRK opplyste Ellingsen om at ho var politimeldt). Ellingsen risikerer nå tre års fengsel. Saka har vekt oppsikt nasjonalt og internasjonalt, men allmennkringkastingane her heime boikottar omtale av saka, ei urovekkande siling av informasjon til offentlegheita frå offentleg finansierte medieinstitusjonar.

Bruken av § 185 avslører at rådgjevaren ikkje er den han seier han er (kvinne), for kvinner har ikkje vern i paragrafen. Dåverande Likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm var mellom dei som sørga for det. Bjurstrøm hevda i høyringa hos Justiskomiteen at ei kvinne grovt «hatet og hetset», sjølv om kvinna var frikjend av Diskrimineringsnemnda frå å ha diskriminert ein transperson med penis i kvinnegarderoben. Påstanden kom etter Ellingsens svar i same høyring. Politidirektoratet og statsadvokatane meinte at innlemming av kjønn (kvinner) i § 185 ville skapa «rettsfilosofiske floker». Heller då inn med «kjønnsidentitet», ein 100 % subjektiv storleik, men bare knyta til minoritetsposisjon. 

Seksuell legning har vern i hatparagrafen, men sidan menn ikkje kan vera lesbiske, fell også dette vekk for nemnte rådgjevar sin del. Flisespikkeri? Nei, argumentet viser at når me vedtar lover som på same tid viser til både førestilte og faktiske forhold, om same relasjon/rettigheit, blir dei meiningslause. Grunnlaget for diskrepansane og umoglegheitene er at folks trusopplevingar blir gjort til realitetar – altså at religion er blitt røynd. Slikt gjer ein ikkje elles med tru, som har vern i lovverket nettopp som tru. Der kan me også plassera trua på å vera eit anna kjønn enn det ein er, og dette ville ha løyst mykje. Kjønn, derimot, må i alle samanhengar der kjønn har relevans, visa til materiell røynd. 

Farleg skuldtildeling
I starten av fyrste kronikk skriv Flisen likefram at han (i motsetning til politiet) veit kva som er bakgrunnen for terroren den 25. juni, og kven som er skuldige. Terroristen har ennå ikkje forklart seg, men Flisen skriv at at «det dødelige anslaget mot skeive» var drive fram av «miljøer der hatet er altomfattende». Eg minner om at den eine puben som blei råka, og den eine mannen av to som blei drepne, ikkje hadde noko med «skeiv» å gjera.

Terroravsnittet hans blir avrunda med «kampanjene som føres mot oss – for å diskreditere rettighetene våre», som i resten av teksten blir kopla til meg og Tonje Gjevjon især, gjennom twitterkonti knyta til LLH 2019 og WDI Norge.

Kopling av kvinnesakskvinners ytringar til at nokon skyt vilt rundt seg i Oslo, skulle aldri ha vore på prent, Morgenbladet. Det er både uetterretteleg og farleg. Ei slik utilbørleg skuldplassering utgjer eit alvorleg trugsmål mot kvinnesakskvinner.

Trugslar om vold mot kvinner
Kvinnesakskvinner trugar ikkje med vold og tar ikkje levebrødet frå folk, i motsetning til kva nokre transaktivistar gjer. I Oslo bar Blitzarar eit banner i 8. marstoget med bilete av ei kvinnesakskvinne som blir skoten i hovudet så blod og hjernemasse skvett, med teksten: «Anti-terf og swerf aksjon!» (swerf = sex work exclusionary radical feminist). Bodskapen er klar: me skal drepast. Personen som fekk hjelp av JURK og LDO til å ta kvinna som klaga på penis i kvinnegarderoben til sak, lagar videospel der ein skal drepa «terfs». Han kjenner seg særleg validert av å ha fått hjelp av JURK (i motsetning til kvinna, som måtte betala for advokat). Jenny Klinge blir beden om å sitta på ei motorsag. Ellingsen får orda «suffer and die» skrive ved sida av døra si heime – sak lagt bort av politiet. Kvinne etter kvinne mistar oppdrag og levebrød etter transaktivistisk press – dei kan som oftast ikkje kan stå fram om dette. Gjevjon har stått fram.

Ingen kvinner kjem med tilsvarande trugslar mot transpersonar eller transaktivistar. Men bryr media eller politiet seg? Nei. Politiet er travelt opptatt med å avhøyra kvinner som skriv at menn ikkje kan bli kvinner, lesbiske eller mødrer, og som stiller spørsmål ved om nokon har vore samtykkekompetent, dersom vedkommande trur at han faktisk har skifta kjønn. Her har politiet satsingar og prioriteringar. Vold mot kvinner er og forblir bagatellar.

Terje Flisen må få leva sitt liv i fred, med sine førestillingar om kven han er. Men han er ikkje kvinne, og vil aldri bli det, slik eg aldri vil bli mann. Eg kan ikkje tvingast til å delta i ei trusoppfatning. Kvinner treng lovverk som viser til verda slik ho faktisk er, ikkje til førestilte verder og trusoppfatningar. Det er ein grunn til at me har kjønnsspesifikke lover og ordningar i utgangspunktet – ikkje fordi alle menn er overgriparar, men fordi nokre er det. Uavhengig av kva klede og sko dei går med. Jenter og kvinner har rett til å setta grenser. Mannfolk flest skjønner det, mannfolk på høge hælar må også skjønna det.

Artikkelen ble først publisert i Morgenbladet

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *