Av Anne Kalvig

Ei framsynt røyst frå fortida: Lady Anne Conway

Økokrise gjer at mange ser seg om etter betre måtar å forstå vår plass i verda på. Animisme, ei «besjeling» av verda, framstår for nokre som eit godt alternativ som også synast vera i tråd med diverse urfolkstradisjonar. Meir filosofisk kallast dette gjerne nymaterialisme. Ein filosofisk pioner innan denne type utfordrande tenking som oftast ikkje blir nemnt, er Lady Anne Conway (1631-1679). Den langt meir kjende Gottfried Wilhelm von Leibniz rekna henne som ein av sine læremeistrar. Ho kombinerte rasjonalistisk filosofi og religiøse synsmåtar, og var ein lysande tenkar som fleire fortener å vita om.   

Som adeleg, engelsk kvinne hadde ho tilgang til privatutdanning og studiar, men dette var høgst uvanleg i hennar tid, også for hennar stand. Den norske filosofen Hege Dypedokk Johnsen gjev i artikkelen «Anne Conway og materiens åndsliv» (2018) ein både djuploddande og lettfatteleg gjennomgang av Conways filosofi. Ho skildrar Conways intellekt og vilje og evne til å skriva avhandlinga Principles of the Most Ancient and Modern Philosophy som «umåtelig imponerende». Eit tidlegare bidrag om Conway finst hos Carolyn Merchant, amerikansk professor i miljøhistorie, filosofi og etikk, i boka The Death of Nature. Women, Ecology, and the Scientific Revolution (1979, ny utgåve 1989). Conway døydde bare 48 år gammal, og lei heile livet av frykteleg migrene, som ein den gong prøvde kurera med kvikksylv. Men ho rakk å bli kjent og feira i samtida for sitt intellektet og store kunnskap, og heimen hennar var samlingsstad for fleire filosofar. Når filosofihistoria legg lokk over kvinners bidrag, blir dette noko dei færraste kjenner til.

Conways filosofi er såkalla vitalistisk, og står i motsetning til den mekanistiske, kartesianske dualismen som har bidratt til å distansera mennesket frå naturen og omgjevnadene, med doktrinar som: «Eg tenker, derfor er eg»; bare mennesket har sjel og medvit og liknar slik Gud; dyr og andre skapningar tenker ikkje, dei er sjellause og materielle, og dermed å rekna som «maskiner». I uttalt opposisjon til denne læra, rekna Conway tilværet som gjennomsyra av liv, med medvit og evne til sansing, samhandling, kjærleik og kunnskap. Dette utleia ho frå ein substansteori der ho hevda at ånd og materie ikkje er motsetningar, alt er utstrålt frå Gud, der kropp er kondensert ånd og ånd er ustabil, subtil, lett materie. Det er snakk om grads-, ikkje vesensskilnader.Conway var inspirert av kabbalismen, jødisk mystisk lære om korleis ånd, i form av lys, gjennomsyrar den skapte verda, og higrar etter utvikling, perfeksjon og endeleg samansmelting med det høgaste lys (Gud) igjen. Sjelene våre vandrar, gjennom reinkarnasjon, også i ein slik utviklingsprosess, mente Conway. Conway kombinerte kabbalisme med kristne synsmåtar, og oppfatta Kristus som ein «mellomnatur» som forbatt mennesket si sjel til Gud. Conway og hennar filosofiske partnar, den vandrande healaren og «lærde sigøyneren» Francis Mercury Van Helmont, blei kvekarar i 1676-77. Kvekarrørsla oppsto i England på midten av 1600-talet som ein protest mot puritanismen, og rekna kvinner og menn som fullstendig likestilte, hadde kvinnelege så vel som mannlege forkynnarar og understreka Kristus som levande i kvar enkelt, som eit indre lys.  

 

Lady Anne Conway og hunden

Merchant skriv i The Death of Nature (1989: 253-254, mi omsetjing): «[V]italisme i si monistiske form [som hos Conway] er i sitt vesen anti-utnyttande. Vekta på alle tings liv som graderingar av sjel, ikkje separate skilje mellom materie og ånd, prinsippet om ein immanent aktivitet som gjennomsyrar naturen og ærbødigheit for jorda si nærande kraft, utrusta vitalismen med ein etikk om alle levande ting sin ibuande verdi». Merchant si bok er ein økokritisk og feministisk gjennomgang av den vestlege, vitskaplege revolusjon mellom 1500 og 1700, der ho viser korleis synet på naturen gradvis endra seg, med fatale følgjer. Frå at naturen var forstått som ei livgjevande mor – sjølv etter fleire hundreår med kristen teologi – blei oppfatninga til at naturen var ei maskin, ei død, mekanistisk samling enkeltkomponentar som kunne utforskast og kontrollerast. Merchant viser også korleis synet på kvinner og synet på naturen hang og heng nøye i saman. Filosofen og politikaren Francis Bacon (1561-1626), som blir feira som «den moderne vitskapens far» sto slik i ei større kulturhistorisk og sosial endringssamanheng når han i boka The Masculine Birth of Time (skriven i 1602-1603) seier: «I den høgaste sanning kjem eg her med naturen, med alle hennar barn, for å binda henne til dykkar teneste og gjera henne til dykkar slave» (Merchant 1989: 170). Bacon skildra også ofte «materie» med kvinnelege bilete, som «ei offentleg hore» (Merchant 1989: 171).

Vegen fram til ein slavebunden Fru Natur, som sidan blei ei livlaus maskin for mennesket/mannen å utnytta, var ikkje langs ei enkel, einskapleg utviklingslinje som «alle» var einige om. Det fanst motstridande kulturimpulsar og røyster. Éi slik var Lady Anne Conway. På mange måtar liknar hennar prosjekt vår tids materialistiske og animistiske impulsar, sjølv om det ikkje blir referert til henne.